Dear esteemed enthusiasts of regional studies,
Its my great pleasure to introduce myself as the RSA Ambassador to Norway.
Below you will find a short introduction in Norwegian, please feel free to contact me if you have any questions, suggestions or would like to get involved.
Mitt namn er Marte C.W. Solheim, og som RSA- ambassadør i Noreg, er eg glad for å ynskje deg velkomen til denne sida og invitere deg til å bli involvert i denne organisasjonen.
RSA arrangerer fleire spennande arrangement, til dømes ein større årleg konferanse som tiltrekker seg nokre hundre deltakarar som møtast for å presentere artiklar innanfor regionale studier. Dette er ein fin arena for å presentere eige arbeid, høyre på kva som rører seg innan fagfeltet, møte kjende samt knyte nye kontaktar. RSA står også bak ei rekke tidskrift, deriblant ‘Regional Studies’ som fylgjer med medlemskapet. Du kan lese meir om medlemskap og fordelane her.
Mine forskingsområde fokuserer særleg på forholdet mellom mangfald og innovasjon i verksemder, og korleis verksemdene sine omgjevnadar formar og påverkar både mangfald og innovasjon. Eg dreg nytte av lærdommar frå innovasjonsstudier, organisasjonsteori og økonomisk geografi. Eg er medlem i Akademiet for Yngre Forskere, og du kan lese min forskarprofil her eller sjå mi heimeside ved Universitetet i Stavanger her.
Ikkje nøl med å kontakte meg dersom du har spørsmål, eller ynskjer å bli involvert.
Contact information:
Marte C W Solheim, Associate Professor
Head of the Stavanger Centre for Innovation Research, UiS Business School
Stavanger Centre for Innovation Research,
University of Stavanger Business School,
Elise Ottesen Jensen hus,
N-4036 Stavanger,
Norway
Personal website: www.uis.no/solheim
Twitter: @MarteCWSolheim